Littpod

Fakta om fiksjon: Puter under armane

Informações:

Sinopse

Med Heidi Linde og Jette Christensen. I Heidi Lindes siste roman Norsk sokkel frå 2015, er kvart kapittel innleidd med eit sitat frå norske lover om kva for velferdsrettar vi har. Historiene i boka fortel både om velferd og om norsk velstand, og diskuterer kva denne doble rikdomen gjer med oss og forventningane våre til livet. Er romanen ein hyllest til velferdsstaten eller er han ein kritikk av eit veikt folk? Jette Christensen er politiker frå partiet som reklamerer for seg sjølv med slagordet Hvis velferd er viktigst. Kvifor er velferd viktigast for Arbeidarpartiet, og korleis les Jette Norsk sokkel? Fakta om fiksjon er ein serie der forfattarar møter ekspertar på bokas tema til samtale.